Vår historie

BRØR mat og bryggeri etablerer seg i Halkjelsgata 16 i Volda sentrum i tidlegare Ose-kjellaren. Brør vil by på kvalitetsmat og eit variert ølutval. Noko av øltilbodet vil vere av eige brygg, i tillegg til eit godt eksternt utval både frå boks og tapp. Brør har som mål å skape ei hyggjeleg og lun atmosfære både inne og i uteserveringa, og ynskjer velkomen både dei som vil nyte eit godt glas øl, ei som ynskjer ein full trerettars meny, eller delar av den. Karane bak Innehavarane av Brør er søner og far Våde.

Ved årsskiftet 20/21 vart drifta av mjølkebruket i Gjersdalen i Austefjorden lagt ned, og far Tore og dei to Oslo-heimvende sønene Vidar og Håvard realiserer no ein mangeårig draum om å skape noko i lag. Skapt i lag har dei gjort lenge. Både jakt av hjort og al av kjøtfe har vore ein del av garden sitt mangesysleri, og for Vidar medverkande til yrkesvalet som kokk. Gjennom fleire år har dei utvikla gode resultat med heimebryggjing. No tek far og søner eit steg vidare. Brør mat og bryggeri er ei frukt etter lang god mogning.

Skjermbilde+2021-04-17+kl.+22.09.26.jpg

Vidar Gjersdal Våde

Kjøkkensjef og medeigar

Vidar er vår kjøkkensjef og medeigar. Han har erfaring frå fleire topprestaurantar i Oslo, der i blant restaurant Stallen og Bokbacka.

 
Skjermbilde 2021-04-18 kl. 20.24.51.png

Tore Våde

Dagleg leiar og medeigar.

Tore har bakgrunn som bonde med produksjon av mjølk og kjøt, ivrig jeger og ølbryggjar.

 
Skjermbilde 2021-04-18 kl. 20.24.37.png

Håvard Gjersdal Våde

Barsjef og medeigar.

Håvard har erfaring frå fleire barar i Oslo, som Brygg, Cafe Sara og Forrest&Brown.